Knyter menneska tettare saman

Selskapet nuvu i Ålesund har utvikla eit møteromkonsept som skal gjere digitale konferansar og nettmøte meir engasjerande. Det digitale møtet skal verke meir ekte og nært.

Digitale møte har fått eit stort oppsving i koronatida, men kva skjer i postpandemisamfunnet? Vil menneska vere leie av å møtast bak ein skjerm?

Eit nystarta selskap i Ålesund trur digitale møte er komne for å bli, men at slike møte må bli betre.

Kapitalistane har sett at dei har spart store reisekostnader, men viss ein skal halde oppe kvaliteten, må ein gjere noko med mediet ein kommuniserer med. Og vi har ein del av løysinga, meiner Jon Rune Nygård, medeigar og konseptutviklar i selskapet som starta opp i fjor haust.

Nygård ser at det har skjedd dramatiske endringar i digitalisering av kontakt, men i positiv forstand. Folk har kasta seg ut i nettmøte, og har bestått prøva, men etter kvart har ein også fått nye begrep som «teamstrøttheit» og «zoomfatigue». Dette vil CoomuRoom gjere noko med:

Vi trur på rehumanisering og at ein puttar menneske tilbake i kommunikasjonen, seier Nygård.

Løysinga deira, som blir kalla CommoRoom Smartstudio, er det han kallar eit kvardagsstudio med høg kvalitet og med mange moglegheiter.

Med denne løysinga så blir det ein intimitet. Og det er viktig for å få det til å verke ekte, meiner Nygård.

Har møtt 10.000 menneske

I mai i fjor skulle elektroingeniøren Hermod Iversen delta på ein webkonferanse for 400 verft frå heile verda. Her skulle han presentere ein aluminiumskabel som han hadde utvikla for skip.

Før konferansen blei det sett saman eit team som utvikla første prototypen på studioet.

I etterkant var det mange som tok kontakt, både om aluminiumskablar og kommunikasjonsplattforma.

Jon Rune Nygård og Tore Alm-Ingebrigtsen, som er dagleg leiar i selskapet, har sidan november i fjor hatt 500 sendingar frå studio i Ålesund, der dei har presentert systemet.

På denne måten har dei møtt 484 bedrifter og bortimot 10.000 menneske.

I løpet av denne tida har løysinga gått frå å vere eit presentasjonsstudio til eit smartstudio.

– Med eit smartstudio føler eg meg nærare enn om foredragshaldaren på ein konferanse står på ei scene på eit hotell. Dette vil forandre bedrifter sin måte å jobbe på, meiner Alm-Ingebrigtsen.

Tettare på

Sunnmørsposten møtte Nygård og Alm-Ingebrigtsen via Teams. Dei var i smartstudioet i Ålesund, og vi var i eit hjørne på Teams. CommuRoom handlar om korleis ein kan kome seg vekk frå dette hjørnet på Teams og vere tettare på, til trass for at ein berre er med digitalt.

Dei to viser korleis den som skal presentere noko kan gå i bildet, med presentasjonen bak på ein stor skjerm. Det er lett å peike og vise. Ein lærar kan skrive på eit nettbrett, men teksten kjem opp på ei grøn tavle bak læraren – som i eit fysisk klasserom.

Du kan på eit vis også manipulere verkelegheita, ved at du får to personar til å stå i same rom, sjølv om dei står på ulike stader i verda.

foto
Eksempel: Offshore Simulator Center har tatt i bruk CommuRoom-studiet. På dette skjermbildet er Joel Mills (til høgre) i opptak og Jørgen Drønen er live, men det ser ut som dei er med samtidig.

Dei fortel at systemet er sett saman av kjende komponentar på ein ny måte. Teknologien skal vere enkel å bruke. Det er som å slå på lyset eller å starte pc-en.

– Denne løysinga kan alle bruke, og vi trur den er tilpassa det postpendemiske samfunn, seier Nygård.

Løfta fram av gigantar

Digitale møte sparer kostnader, og det er også viktig i eit berekraft-perspektiv.

Eg hadde tidlegare 80 til 100 reisedagar i året. Pandemien har lært meg kva fritid betyr. I det postpandemiske samfunn har vi fått eit forhold til kva tida vår blir brukt på og at ting kan løysast på ein smartare måte. Skal vi få til berekraft blir det andre måtar å jobbe på, og då må vi kommunisere annleis, seier Alm-Ingebrigtsen.

Han har vore med og starta bedrifter tidlegare, og vedgår at han var skeptisk, men det har så langt gått over all forventning.

Vi har kome i gang på ein god måte og har eit lite overskot i første halvår. Og det må vi vere fornøgd med som oppstartbedrift, seier han og trur det blir ein endå meir travel haust.

Nygård trekker fram at dei er blitt løfta fram av gigantar. Bedrifta har så langt selt systemet til tolv bedrifter/organsiasjonar.

Legemiddelselskapet Phizer, blant anna kjent for koronavaksina si, er ein internasjonal gigant som har tatt systemet i bruk. Partiet Høgre er også på kundelista. Det same er Fagerlia vidaregåande skole.

Vi har fått spørsmål frå fleire land, men spørsmålet er kor fort vi skal gå fram. No skal vi først frelse Norge, seier Alm-Ingebrigtsen.

Ta kontakt. Vi garanterer en opplevelse du aldri har før har sett maken til!

Takk! Vi kontakter deg så fort vi kan.

Oops! Noe gikk galt. Vennligst prøv igjen!

Når du sender inn aksepterer du våre vilkår.